Om prosjektet

3 millionar kroner til felles kunstprosjekt i Ulstein og Herøy

Ulstein kommune og Herøy kommune har fått tildelt 1,5 millionar kroner kvar gjennom satsinga Kunstlandskap MIDT. Til saman utgjer dette 3 millionar kroner til eit felles prosjekt for kunst i offentleg rom.

Bak satsinga står Sparebankstiftelsen SMN, som har sett av totalt 50 millionar kroner til varige kunstprosjekt i kommunar i Møre og Romsdal og Trøndelag fram mot Nasjonaljubileet i 2030. Av 30 søkarkommunar vart 21 valde ut til å delta vidare i prosjektet.

I tilbakemeldinga til kommunane blir det særleg løfta fram at ønsket om samarbeid mellom Ulstein og Herøy var ein viktig del av grunnlaget for tildelinga. Det er ein føresetnad at kommunane samlar seg om val av kunstnar eller kunstnargruppe og utviklar eit prosjekt med tydeleg samanheng.

I søknaden vart det lagt vekt på at kunstprosjektet skal vere eit reelt samarbeid mellom kommunane – både i tematikk og gjennomføring.

«Vi ønskjer at kunsten skal reflektere rundt kvar vi kjem frå, kvar vi skal – og korleis vi som nabokommunar både utfyller og forsterkar kvarandre, men også kva som gjer kvar av oss unike.»
Rebekka Louise Knotten, sentrumskoordinator i Ulstein Næringsforum

Prosjektet er spesielt spennande i lys av samfunnsutviklinga vi står i: I ei tid med kommunesamanslåingsdebatt, aukande polarisering og steile frontar ønskjer vi at dette skal vere kunst som fortel ei historie om røtene våre, men også om framtidsoptimisme. Vi vil skape noko som byggjer fellesskap og gir rom for refleksjon og stoltheit.

Forankring og ambisjon

Satsinga er forankra i verdiplattforma til Noreg sitt tusenårsjubileum: fellesskap, verdiar, identitet, arv og fornying. Ambisjonen er å setje varige spor – både fysisk i landskapet og mentalt i lokalsamfunnet.

Open prosess

Prosessen vidare skal vere open og prega av medverknad.

Kommunane som er valde ut forpliktar seg til å delta i eit fagleg nettverk fram mot 2030, med vekt på kunnskapsdeling og kompetanseheving innan kunst i offentleg rom.

No startar arbeidet med å utvikle prosjektet vidare – og vi ser fram til å dele meir etter kvart som planane tek form.