Framdrift
Frå tildeling til avduking
Ein tentativ framdriftsplan fram mot Nasjonaljubileet i 2030. Detaljane blir oppdatert etter kvart som arbeidet skrid fram.
2025
FerdigTildeling og forankring
Sparebankstiftelsen SMN tildeler 3 millionar kroner til Herøy og Ulstein. Arbeidet med å forankre prosjektet i begge kommunane startar.
2026
PågårMedverknad og kunstnarval
Open prosess med innbyggjarar, fagmiljø og kunstnarar. Felles val av kunstnar eller kunstnargruppe på tvers av kommunane.
Det vart lyst ut prosjektstilling som kunstkonsulent for prosjektet i juni, med søknadsfrist 3. sept. Fristen er no ute, og vi har mange godt kvalifiserte kandidatar å velge mellom.
Ønsker du å engasjere deg i prosjektet? Vi ser etter deg som vil vere med i eit kunstutval, i medverknadsprosessar eller bidra på andre måtar – ver med!
2027
KjemKonseptutvikling
Valt kunstnar utviklar prosjekt med tydeleg samanheng mellom Herøy og Ulstein – i tematikk, plassering og gjennomføring.
2028
KjemProduksjon
Verket blir produsert. Parallelt skjer formidling og involvering av lokalsamfunnet.
2029
KjemInstallasjon
Verket blir installert i det offentlege rommet i begge kommunane.
2030
MålAvduking – Nasjonaljubileet
Felles avduking under Nasjonaljubileet. Varige spor – fysisk i landskapet og mentalt i lokalsamfunnet.